Gå til innhold
Retroparty for musikkstudenter

Tidenes retroparty for musikkstudenter og lærere

Etter to år og metervis med ulike koronarestriksjonar ynskte musikkstudentane å feire at me endeleg har lov å lage fest utan restriksjonar!

Torsdag før påske inviterte festkomiteen til Retroparty, aulaen vart dekorert med ballongar og gamle plater og alle som ville komme måtte kle seg ut som ein pop-rock-artist FØR 2000.

Elvis kom, Ziggy Stardust, Janis Joplin og Bobbysocks kom, gamle jazzlegender og heltar frå Backstreet Boys var der, for ikkje å snakke om Curt Cobain, Janet Jackson, Willie Nelson og Mel C frå Spice Girls!

Kreativ utkledning og topp underholdning 

Kjell-Olav diska opp med deilig indisk mat, og underhaldninga stod musikkstudentane sjølvsagt for sjølv.

Lærarane fekk lov til å komme på festen mot at me deltok i underhaldninga.

Det vart Good times, kåring av mest gjennomførte utkledning og alle var med på La det Swinge, la det rockn’roll på dansegolvet!

Takk alle for ein herleg kveld! 

Det einaste skåret i festgleda var at halve festkomiteen vart sjuke og kunne ikkje delta, så NESTE gong blir det enno betre stemning!