Gå til innhold
Stemmer du? Stemme og stemmehygiene.

Stemmer du? Stemme og stemmehygiene.

Høyrt om stemmehygiene? Tek du vare på stemma di? «Treng eg det?» tenker du kanskje? Stemma mi er jo der! Alltid?

Ein av 25 generelt, og så mange som 1 av 5 lærarar eller andre som brukar stemma mykje (songarar, prestar/talarar, skodespelarar, telefonselgarar, radio- og tv-journalistar, lagidrettstrenarar, osb.), får trøbbel med stemma i løpet av livet.

For å kunne arbeide og leike, så treng alle ei stemme, både vaksne og born. Stemma vår hjelper oss å bli sett og høyrt, den er ein essensiell del av identiteten vår, og ein stor del av kommunikasjonen me har med andre. 20% av dei som får stemmetrøbbel, kan risikere sosial isolasjon hvis de mister stemma, kanskje særskilt eldre menneske, og desse skadene og plagene kostar mange ressursar for samfunnet. God stemmehygiene kan førebygge dette.

Stemmebanda er noko alle menneske og alle pattedyr har felles. Dei vibrerer og gjev lyd frå vårt fyrste andedrag. Fysiologisk sett er stemmebanda våre eit fascinerande instrument, omtrent så store som veslefingernegla di, plassert i strupehovudet i halsen.

I utgangspunktet kan strupehovudet (larynx) samanliknast med eit rør (luftrøyret, trachea) med to strikk festa på toppen (stemmebanda). Hvis luft vert pressa gjennom røyret, vibrerer strikka, og det kjem ut lyd. Om ein plasserer ei form, ein slags høgtalar (munnhula, larynx/pharynx) oppå røyret, vert lyden forma, og ulike lydar og tonar vert framstilt, alt etter korleis forma ser ut. I prinsippet blir stemma produsert slik, og lufta vert pressa opp av motoren (lunge + musklar).

Dette lydapparatet får signal frå ulike senter i hjernen som set musklar og nerver i system. Nokre signal er automatiske, nokre må lærast. Slik formar stemma ulike lydar for å kunne uttrykke og formidle kjensler som fungerer i kulturen og språket me blir oppdratt i. Med stemma uttrykker me oss, mest med tale, men også med song.

Stemmeproduksjon er ein kompleks og samansett funksjon som me eigentleg ikkje har visst så mykje om fordi stemmebanda nettopp er inni kroppen på ein litt ømfintlig stad. Det som skjer der har vore vanskeleg å observere «live» inntil heilt nyleg. Magnetresonanstomografi (MRI) har no gjort det mogleg å filme kva som skjer inne i hals, munn og nase-område når me snakkar og syng. Dette gjev ny og spanande kunnskap, spesielt for songarar!

Forskning konstaterer at synging er sunt for mykje, men om du syng regelmessig som korsongar eller solist, eller kanskje du berre syng veldig høgt i dusjen eller i bilen, då veit du at det er dagar det er mindre godt å synge enn andre. Gjennom livet er det vanleg å bli hes eller miste stemma delvis eller heilt over korte tidsrom pga lettare halsbetennelse eller forbigåande luftvegsinfeksjonar. Nokre få opplever å miste stemma heilt (paralyse), og nokre svært få må operere bort strupehovudet, kanskje på grunn av strupekreft. Nokon av desse lærer faktisk å snakke att, sjølv utan stemmeband. Alle som har opplevd stemmetrøbbel veit at dette kan vere nedsetjande for livskvaliteten.

Fleire stemmeforskarar har skrive om stemmehygiene, og ei av dei meir lettleste er boka «50 ways to abuse your voice – a singer´s guide to a short career!» Her er eit utval av desse femti måtane å misbruke stemma på, men boka kjem også med løysningar og råd for folk som ynskjer å gjere noko med eit eventuelt stemmeproblem.

Du kan komme opp i stemmetrøbbel om du:

  1. Ikkje varmar opp stemma di før bruk (både tale og sang)
  2. Ikkje trenar og vedlikeheld kroppen din
  3. Snakkar som om du aldri vil våge å synge
  4. Renskar halsen og kremtar mykje
  5. Ikkje studerer sang og songteknikk
  6. Ikkje kjenner att tekniske begrensingar i songstemma di
  7. Syng og snakkar i bråk og/eller med dårleg utstyr
  8. Syng feil musikk/song
  9. Dirigerer (utan bevisst stemmebruk)
  10. Underviser i sang (utan bevisst stemmebruk)
  11. Nektar for at du har eit stemmeproblem
  12. Ikkje drikk nok vatn, ikkje et skikkeleg eller ignorerer spiseforstyrring
  13. Slit deg sjølv ut og syng når du er sjuk
  14. Røyker, drikk alkohol, eller brukar andre rusmiddel
  15. Går til lege fyrst når du er desperat
  16. Velgjer gal lege/ stemmepedagog/ stemmespesialist/ logoped/ karriere og/eller dagjobb (om du syng på kveldstid).
  17. Ikkje fortell legen din at du syng (mht medisinering) og ikkje fylgjer råda legen gjev.
  18. Antar at medisinske inngrep ikkje vil påverke stemma di
  19. Anta at alder ikkje vil påverke stemma di
  20. Ikkje ivaretek di mentale helse, og nektar for at du har eit stemmeproblem
  21. Ikkje innser at hørselstap kan påverke stemma di

Interessant? Du kan lese meir om dette på lenkene under. Det kan godt hende at du tenkjer at ingenting av dette påverkar deg. Men: Er du mykje hes sjølv om du ikkje er forkjøla? Har du vondt i halsen etter korøvinga? Er det vondt å snakke etter ein endt skuledag der du har snakka mykje? Ta kontakt med ØNH (øre-nese-hals)-lege, ein logoped (talepedagog) eller ein songpedagog, for å sjekke det ut. God stemmehygiene krev gjerne litt innsats, og ei sunn stemme trengst for å synge ut!

Les meir her: