Gå til innhold
Å skrive om musikk

Av Bodil Kvernenes Nørsett

PhD-stipendiat, songlærar, songar og dirigent. Forskar på vurderingspraksis i høgare populærmusikkutdanning  

«Å skrive om musikk er som å danse om arkitektur!» Dei lærde stridest om kven som sa dette fyrst, var det Elvis Costello eller Frank Zappa? Uansett, sitatet seier noko om at me ikkje klarar å gripe musikken sitt innerste vesen med ord uansett kor hardt me prøver. Å skrive om musikk er ei sjølvmotseiing. Musikarar skal halde på med tonar, skal dei ikkje? Frambringe melodiar, harmoniar og rytmar, utøve musikk. Me vil lytte til musikk, ikkje lese! Kanskje tenkjer du slik? Det kan godt vere eit felles utgangspunkt, for musikk er eit fenomen som er abstrakt og vanskeleg å setje ord på. «For meg byrjar musikken der orda sluttar» skal komponisten Jean Sibelius ha sagt. Ordlaus musikk kan ta tak i oss på heilt spesielle måtar, setje oss i rørsle, og det kan gripe oss så enormt sterkt. Så sterkt at me må skrive om det!

Kan skriving om musikk også bli ei musikkoppleving?

Skal du studere musikk, kjem du ikkje utanom det å skrive om musikk. Musikk er eit fenomen med mange sider, og å skrive om musikk kan hjelpe oss å forstå musikk betre. Å lese om musikk informerer oss om korleis andre forstår musikk! Det gjev oss høve til å diskutere og drøfte med andre. Du er sannsynlegvis ikkje åleine om å stille akkurat dine spørsmål. Eg likar til dømes å lese konsertomtalar eller kritikkar. Det gjer at eg kan ta del i musikkopplevinga gjennom det kritikaren skriv. Sjølv om det ikkje er mi eiga oppleving, kan eg også faktisk få ei oppleving! Eller eg kan lese ei anmelding av ei plate, lytte til den same musikken og sjå om eg er einig. Eg les om artistane på Spotify for å forstå meir om kven dei er og kva musikk dei lagar. Eg les musikkhistorier i avisene, på bloggar og eg les musikkanalysar og musikkteori og eg les forskning for å lære meir om musikk.

Eg lærer gjennom å skrive

Å skrive sjølv hjelper meg å finne ut om eg har forstått det heile. Å skrive er å tenkje. Å skrive gjer at me tileignar oss kunnskap og kan ta del i ein dialog om eit emne. Som faglærar i musikk er eg oppteken av at musikkstudentar kan og skal utrustast til å bli med i denne dialogen. Å skrive om musikk er å gjere musikk relevant for fleire. «Å skriva om musikk» er til og med eit 5-studiepoengs-emne på Musikkvitskap ved Universitetet i Bergen. Det er stort behov for fleire øyrer og pennar som kan skrive musikkjournalistisk!

Skriv OM musikk!

No har eg ikkje ein gong nevnt noko om det å skrive sjølve musikken, men det er ei anna historie. Eg slår altså her eit slag for å skrive OM musikk! I akademisk samanhang er musikk eit lite fag (i forhold til medisin og psykologi, for eksempel), men det eit svært spanande fagfelt i stadig endring. Dette må skrivast om! Musikk har mange bruksområde, og me treng å vite korleis dette fenomenet verkar på andre. Korleis me lærer musikk, korleis me kan skildre og bruke musikken si kraft, kven som bestemmer kva me skal lytte til, kven som skal få betalt, kva som gjer at musikken høyrest ut som den gjer. Her er mange innfallsvinklar, så bli med i diskusjonen! Skriv om musikk!